Toggle mobile menu

Shopping

Piratkopiering kan ha ei lang rekkje alvorlege konsekvensar både for deg og for samfunnet. Her kan du lese om kva for nokre varer som ofte blir kopierte, og om konsekvensane av å kjøpe piratkopiar.

Før var piratkopiering berre vanleg for luksus- og merkevarer som vesker, klokker og klede. Nå piratkopierast alt frå batteri, kosmetikk og medisinar til leikar, matvarer og reservedelar til bilar.

Er det så farleg?

Det er ikkje lenger slik at du berre risikerer å få ei jakke eller klokke av dårlegare kvalitet. Dagens mangfald av piratvarer utgjer ein risiko for forbrukarane sin tryggleik og helse. Industrien har blitt både omfattande og profesjonell, og ofte er piratkopiering nært knytt til annan organisert kriminalitet som narkotikahandel, kvitvasking og menneskehandel.

Å kjøpe ei uekte Gucci-solbrille på torget i Roma er derfor kanskje ikkje så uskuldig som du trur.

Les meir om kva for nokre varer som ofte er utsett for varemerkeforfalsking, og om kva skadeverknader piratverksemd har for deg, dine nærmaste og for samfunnet.

Du får også tips og råd om korleis du som forbrukar kan unngå falske varer, og om kva du risikerer.

 

Sist oppdatert: 14. april 2015