Hopp til hovedinnholdet
Toggle mobile menu

Nedlasting

Opphavsretten vernar kreativt og skapande arbeid. Vernet inneber at skaparen av eit åndsverk sjølv fastset korleis arbeidet skal brukast. Denne retten gjer det mogeleg å leve av kreativt arbeid.

Det er viktig å hugse på at opphavsretten også gjeld på internett.

Åndsverklova gir reglar om vernet og bruken av litterære, vitskaplege og kunstnarlege verk av alle slag. Reglane sikrar at forfattarar, komponistar, filmskaparar og andre opphavsmenn får vern for resultatet av det skapande arbeidet sitt.

Lova vernar også arbeid som ikkje er åndsverk, men som er nært knytt til åndsverka og opphavsretten – dei såkalla nærståande rettane. Desse reglane vernar mellom anna rettane til utøvande kunstnarar som skodespelarar, musikarar og produsentar av lydopptak og film. Det er også reglar som vernar kringkastingsselskap mot misbruk av kringkastingssignal.

Les meir om opphavsrett

 

Sist oppdatert: 14. april 2015